søndag 3. juli 2016

Colors makes me happy!

Når vi flytta inn i huset vårt var alt kvitt. Eg brukte litervis med kvitmåling på møbler og vegger. Men så skjedde noko eg ikkje hadde forutsett; eg vart hekta på farger. Først i form av små drypp med lyse pasteller, så kom turkis og gult for å friske opp. Måle gjer eg framleis, men det er sjelden eg har kvitt på penselen. Møbler og etterkvart vegger blir meir og meir fargeglade hos oss. Det er noko forfriskande ved å omgje seg med farger! Terapi rett og slett :)


Ønsker deg ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. juni 2016

Barnebursdag!

Det har vore ei begivenhetsrik veke med Jonsokfeiring og 3 bursdagselskap for Hermine, som har fyllt 4 år! Bildene er frå barnebursdagen. Vi laga vimpler av gåvepapir som vi klipte til og stifta over ei snor. Dekorativt og enkelt.


Hermine ønskte seg Bratzkake. Noko eg ville gje ho, men kvidde meg til å lage. Men det gjekk nokelunde fint. Den er laga av ei sjokoladeplatekake som eg skar til i rundinger og bygde kjolen av. Mellom laga hadde eg sjokoladekrem. Kjolen er av marsipan som eg farga rosa og kjevla ut.


No kjenner eg det skal bli godt å gjere ingenting. Sofa og netflix here I come! 

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 16. juni 2016

Vasoholiker



/sponsa innhald/

Eg er svak for fine vaser, og tar meg sjølv i å ha lyst på nye litt for ofte. 
Kor mange vaser treng ein eigentleg? Mange? Dei pynter jo så flott på fleire vis. Vaser er sjølvsagt nydelege med blomster i, grøne blad, kvister. Tomme vaser er også flott, aleine eller som del av eit stilleben! Konklusjonen på spørsmålet må vere eit rungande ja ;)

I går kom postmannen med ein ny favoritt til meg. Ein vase frå Hammershøi serien til Kahler. 
Den er litt nostalgisk, litt moderne og i mintblå. Perfekt!

Vasen finn du hos Kitchentime.no om du trykker her! 
Hos Kitchentime finn du ikkje berre eit stort utvalg med kjøkenutstyr, dei har 
også eit supert utvalg av interiør frå Kahler og andre kjente designmerker. 
Mange fleire vasefristelser for meg med andre ord ;)


Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)


mandag 13. juni 2016

Motivasjon!

 Vi har vore bleieskiftarbeidera i til saman snart 7 år. 
Yngstejenta vår Hermine på 3, snart 4 har vore veldig glad i bleiene sine. 
Gå på do eller potte skulle ho i alle fall ikkje. Det måtte ein motivasjonsfaktor til. 
Og du ser den her. Hennar største ønske var ein sengehimmel!

No er bleiene eit avslutta kapittel, og omsider er den finaste sengehimmelen på plass på rommet til Hermine. Gjett om ho er fornøgd. Det er vi foreldra og! Vi skal aldri skifte bleier meir! Det er godt vi har skaffa oss katter vi må tomme doen etter. Slik at 
overgangen ikkje blir for stor, liksom ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 7. juni 2016

Nye familiemedlemmer!


Du husker kanskje den raude pusen vår Sofus? Fine pusen vår som dessverre hadde eit ublidt møte med ein trailer for nesten to år sidan. Vi bur nært vegen, så det er skummelt for katter å gå der når trailerane suser forbi på nattestid. Ny katt orka vi ikkje å tenke på med det same, så vi skaffa oss gullfisker istaden. Eldstejenta vår er veldig dyrekjær, og sakna eit dyr å leike og kose med. Gullfisken nådde ikkje heilt opp der ;)  Så etter ei stund valde vi å prøve igjen.

Frå å ikkje skulle ha katt igjen, så har vi plutseleg 2 herlege kattunger i huset vårt. 
To leikne, nyskjerrige og kosete pusebrødre. Til glede for både små og store.


Vi satser på å ha innekatter denne gongen. 
Desse to har mykje selskap i kvarandre, så eg trur det skal gå veldig fint :)


Ha ein fin-fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 29. mai 2016

Gult ER kult!

Dette kule (og gule) teppet frå Ikea har eg sikla etter sidan 
første gongen eg såg det. No er det endeleg blitt med meg heim! 
Eg synast det gav ein herleg energi i TV-stova vår.

Symaskina og superfine retrostoff kjøpt hos @nydeligflott_salg 
står klart og venter på at eg får eit kreativt innfall ;)

Eg håper du har hatt ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 28. mai 2016

Terasseliv☀

Vi har hatt nydeleg ver i Nordfjord den siste veka. 
Det er herleg når vi endeleg kan "flytte ut" og kose oss på terassen. 
Vi har ein stor terasse med fantastisk utsikt over fjorden. Eg blir aldri lei av sitte 
her og sjå utover den fine naturen.

Eg vart plutseleg aleine heime idag. Den nye planen var å sitte her med vin 
i glaset og ei bok i fanget. Men då kom sjølvsagt lyn og torden på besøk. 
Difor vart det nytt blogginnlegg istaden ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 16. mai 2016

Kvelden før dagen!

Stova er enkelt pynta med flagg, bjørkeris og vimpler. 
Kledene er klar. Jentene er forventningsfulle og bord er bestilt til
koldtbordet på kafeen. No kan 17. mai berre kome ;)


Eg ønsker deg ei flott feiring - Hipp Hurra!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. mai 2016

Prikken over i'en 👌

I spisestova har vi ei gammal seng ståande. Den blir brukt til avslapning, lesing og ofte fester vi ei heimelaga sklie på den. Noko som er stas for jentene, som sklir og har det moro. Etter at eg målte veggane blå har eg ikkje hatt noko på veggen her. Eg måtte nyte fargen ei stund. Behovet for endring kjem likevel raskt hos meg, og det føltes plutseleg litt tomt... 


Det er ikkje så vanskeleg å finne dekorative bilder til veggen, når eg jobber med nettbutikken kunstbilder.no, som er fyllt opp med mengder av herleg fotokunst. Valget denne gongen fall på bildet av ei svanemor og ungen. Eg synast det er heilt nydeleg! Bildet heiter 'Close to you' av Piet Flour, og du finn det her!


Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. april 2016

SOL


Solskin i stova kl 8 på kvelden er skikkeleg herleg! 
Våren og lysare kveldar gjer godt i sjela. I dag har vore ein spesielt fin dag. 
Vi har hatt fri heile familien og tilbrakt mesteparten i fjæra der vi grilla pølser
 og kosa oss. Ja-takk til fleire slike dagar :)


Eg håper du og har hatt ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails