tirsdag 26. mai 2015

Eg er forelska i eit hotel!

Det nærmar seg sommar 
og det er på høg tid å legge planar for ferien. 
Eg elsker å leite etter reisemål og drøyme meg vekk på nettet. 
Eg var nær på å utdanne meg innan reiseliv for ei tid tilbake og reiste
 utanlands minst 2 gonger i året. Men det var før dei finaste jentene
 våre kom til verda. Etter det har det blitt litt nedprioritert.

Men drøyme gjer eg fortsatt. 
Etter å ha utforska hotelspecials.no og deira store utval av hotell, 
fann eg eit heilt fantastisk eit! Nydelege Görvälns Slott som ligg 
i Järfälla utanfor Stockholm. Er det noko som interresserer meg litt meir 
enn reising, så er det sjølvsagt interiør ;) På dette slottet får ein verkeleg 
overdose av fantastisk interiør! Kva er vel bedre enn å reise på ferie 
og samtidig omgje seg med eit inspirerande miljø? 

Eit slott i godt varetatt 1700 stil må jo vere draumen. 
Berre sjå under her, heilt magisk spør du meg! (bilder frå Google)



 Sjekk den fantastiske skjenken dei lekre kakene blir servert på!

 Dette rommet trur eg faktisk ikkje at eg hadde gått ut av igjen. 
Nydeleg, ikkje sant? :)


Les meir om Görvälns Slott her
For meg blir nok ikkje denne draumen oppfyllt i år. Her blir det bubilferie til opplevelsesparkar. Ikkje fullt så spennande for eit interiørhjerte, 
men det blir nok heilt perfekt likevel så lenge familien er fonøgd. 
Men ein gong…så skal eg bu på dette slottet! 

Har du budd på eit slott nokon gong? 

Klem frå Bjørg :-)

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails