Spisestova vår har fått ein liten makeover.
Det vil seie; eg er framleis ikkje ferdig. Men litt kan eg vise fram ;) No er det mest nye saker og ting som står for fornyinga. Graviditeten gjer det slik at eg ikkje kan hive meg rundt å måle
og styre slik som før, dessverre. Men kreative ideer lagrer seg stadig i hovudet mitt,
så når formen er der har eg nok å ta meg til ;)
Spisebordet er kledd opp med linduk frå Kid og linløper frå H&M Home.
Og den største forandringa har skjedd over bordet. Lysekrona er tatt ned, og vi har fått opp 2 kvite industrielle lamper frå Ellos. Eg er kjempefornøgd, og mannen
om muleg endå meir fornøgd (han hater nemleg lysekroner ;)
Her skimtar du Sofus i utkikksposten sin (i vindauget).
Og endeleg er korgstolen som eg har ønska meg i ei evighet komen på
plass i Fjordhuset. Den fann vi på salg på Skeidar, og eg synast den er ein fryd for auget!
Ja, også god å sitte i då sjølvsagt ;) Prøv å ikkje legge merke
til den meget malplasserte
varmepumpa (arg! ;)
Eg har sakna ein skikkeleg stol å ha i denne kroken.
Der ein kan sitte å nyte den flotte utsikten vår ilag med ein kopp kaffi eller te.
Idag ser vi faktisk tendenser til sol og. Berre 2 veker til den er klar for å skinne på oss.
Gleder meg! (Vi er uten sol fleire månader om vinteren..)
Til Lise (eg kom meg ikkje inn på bloggen din..) som lurte på om eg har hekla teppet som ligg over korgstolen. Og det kan eg seie at det har eg ikkje. Det har eg arva etter
oldemora mi :) Og eg er veldig glad i det!
Heilt nydeleg synast eg :)
Det vart visst eit langt innlegg. Men så er det jo lenge sidan sist og ;)
Vi er endeleg friske og raske i Fjordhuset etter ei god veke med influensa.
Og det er herleg! :)
Til slutt vil eg takke jentene bak Kremmerhusetbloggen,
som har vore så snille å velge meg ut til det gode selskap på bloggrollen deira.
Tusen takk! :) Sjekk ut bloggen her!
Ha ein super dag!
Klem frå Bjørg :-)